Vergeordning

På Hulen er aldersgrensa 20+, eller 18 med studentbevis, men kva om ein er under 18 og vil på konsert? Dette er sjølvsagt fullt mogleg. Ein mindreårig kan saman med ein verge få særskilt tillatelse til å delta på eit enkeltarrangement på Hulen. 

Dette tilbodet gjelder kun våre konserter, ikkje andre arrangement (f.eks. dj-arrangement som Nostalgi, 404, Tøm Hodets Tanker, Fyll Hodets Tanker, Hulloween osv.)

Hvordan funker det?

Først og fremst må ein ta kontakt med vaktansvarleg ved Hulen,  Dette kan ein gjere ved å sende ein mail til vaktansvarlig@hulen.no, 48 timer før dørene åpnes. Vaktansvarleg har ansvar for vakthald og sikkerheit på Hulen. Det er ikkje greitt å kome på Hulen med underårige utan at dette er avtalt på førehand med vaktansvarleg. Vaktansvarleg vil deretter gje grundig med informasjon om kva som er våre retningslinjer.

Verge må vere fylt 21 år eller over. Vergen må også forplikte seg til å vere edru gjennom heile arrangementet, i tillegg til å passe på at den eller dei mindreårige ikkje nyter alkohol under arrangementet. Det er forventa at verge og vergebarn ankommer Hulen  20 minutter før opning. Dette er fordi vedkommande skal vere med på opningsmøte på Hulen, slik at alle frivillige veit kven de er under arrangementet. Dei vil då bli tildelt eigne skilt med «verge» og «vergebarn» på og det vil bli skrevet under på ein vergekontrakt.

Dersom det blir gjort bråt på vergekontrakten vil dette føre til bortvisning frå lokalet og gje andre konsekvensar i etterkant. Ved bordplassering skal heile bordet til den mindreårige vere edrue. Ved konsert, når ein står, må verge halde eit auge med vergebarnet. Ein verge kan vere verge til maks tre personar om gangen. Når konserten er over må vergebarnet forlate lokalet. Me gjer sjølvsagt unntak om ein vil kjøpe merch, men etter det forlet ein Hulen.

Visit Us

office HOURS

Stiftelsen Hulen (1969-2024)

Layout: Luiza Portela